Aktuelt frå kommunen

Utsette skulestrukturvedtak

Arkivfoto - Klikk for stort bileteArkivfoto Kommunestyret greidde ikkje å verta samde om eit vedtak, då dei handsama saka om skulestruktur i ekstramøte onsdag 20. mars. Politikarane delte seg i tre grupper: SP og H (9 repr.) heldt fast på framlegget om ingen endringar og AP, Krf, SV og V (8 repr.) heldt fast på framlegget om å sjå på heile kommunen på nytt. Frp (4 repr.) braut ut av formannskapsfleirtalet og kom med framlegg om å flytta Strandvik til Fusa og Eikelandsosen til Holdhus frå hausten 2013. No må saka handsamast i nytt ekstramøte 5. april. Sjå møtebok (PDF, 143 kB).

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.03.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30