Aktuelt frå kommunen

Utsett opning for Fjorden arena

Fjorden arena påsken 2019 - Klikk for stort bilete

Det var tillyst eit arrangement med Open hall i den nye idrettshallen i Eikelandsosen søndag 28. april. Arrangementet, som var planlagd i samarbeid med Os idrettspark, er utsett på ubestemt tid. Hugaas A/S som har totalentreprisen ligg stadig etter skjema i sluttføringa av arbeidet med dei tekniske faga.

Fokuset for Fusa kommune er no på få eit godt sluttresultat, slik at vi får eit best mogleg utgangspunkt for drifta. Både inne og ute nærmar vi oss sterkt ei sluttføring av prosjektet. I påskeveka vart det asfaltert tilkomstvegar og parkeringsplass.

Det meste av mai vil gå med til ei prøvedrift av tekniske anlegg, arbeid med innreiing og ferdigstilling av uteområdet. Først når alt fungerer som det skal kan Fusa kommune formelt sett overta bygget. Så snart det er praktisk mogleg og ein har dei naudsynte bruksløyva, vil Fusa kommune opna dørene for publikum.

Det kjem mange spørsmål om når hallen opnar og folk er naturligvis svært nysgjerrige, difor ønskjer Fusa kommune, om mogleg, å ha ein open dag på bygget før sommaren. Dato for dette vert kunngjort seinare.
 
Den formelle og høgtidlege opninga av anlegget vert ved sesongstart i slutten av august.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30