Aktuelt frå kommunen

Utsett frist for påmelding til dragebyggingskurs

Drageflyging - Klikk for stort bilete

Det er kurs i bygging av dragar torsdag 19. og laurdag 21. januar på Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen. Målgruppa er ungdom 13-20 år. Du kan læra deg å bygga drage frå idé til ferdig flygande produkt. Ny frist for påmelding er tysdag 17. januar kl 14.00.

Tilbodet er ope for ungdom i alderen 13-20 år frå Os eller Fusa. Kurset er gratis og er ein del av UKM-satsinga i Os og Fusa. Du treng likevel ikkje å vera påmeldt UKM for å vera med på kurset. Du treng heller ikkje å vera med begge dagar.

Torsdag 19. januar - kl 15.30-19.30
Laurdag 21. januar - kl 12.00-16.00

Kurshaldarar er Joy Kvamme og Anja Tveiterås. Informasjon om opplegget får du på mob: 47277146. Påmelding til dette kurset er til anja.tveiteras@fusa.kommune.no. Frist for påmelding er tysdag 17. januar. kl 14.00. Sjå invitasjon (JPG, 170 kB).

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.01.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30