Aktuelt frå kommunen

Utsendingar til UKM-festival i Bergen

The Heads frå Fusa - Klikk for stort bilete

Kulturmønstringa for ungdom i Sævareid søndag vart ein stor suksess med fullsett sal og god stemning. Ein lokal jury har plukka ut 21 heldige ungdomar som får vera med vidare til UKM-festival i Bergen helga 15.-17. april.

Over 60 ungdomar var involvert i arrangementet på Breidablikk. Programmet var både variert og spennande, med mange ulike kunstnarlege uttrykk og sjangrar. Sjå film frå UKM i Os og Fusaposten.

Kvar kommune har ein viss kvote med innslag og deltakarar ein kan senda vidare til fylkesmønstringa, m.a. berre fire sceneinnslag. Juryen hadde ein vanskeleg jobb med å plukka ut dei bidraga og ungdomane som skal representera Fusa i UKM-festivalen i Bergen. Dei konkluderte slik:

Arrangørar:
Amalie Eikeland Holmefjord - 17 år - konferansier
Marius Kleppe - 18 år Unge arrangørar
Camilla Bergesen - 16 år Unge arrangørar
Bo Mathys - 15 år UKM media

Utstilling:
Idun Øvredal - 16 år - med kunstverket "Dukke"
Zofia Konieczka - 13 år - med kunstverket "Wonder"
Bo Mathys - 15 år - med kunstverket "Geometry"

Musikk:
Anne Mari Sundfjord Gjøn - 12 år - Mazurka a-moll (F. Chopin)
Natasja Smørholm - 14 år og Idar Rolland - 15 år med "Murder song" (A. Aksnes)
Kleppekompaniet: Adrian Nordtveit -14 år, Andreas Nilsen Kleppe - 15 år, Even Lygre - 15 år, Idar Rolland - 15 år, Lars Henning Fosse - 15 år med låten "Dancing in the moonlight" (Kelly,Sherman)

Teater/ dans:
The HeadsAgnes Eline Hoel - 15 år, Frida Solheim - 13 år, Helene Berge - 13 år, Helene Dale - 13 år, Lene Eikeland - 15 år, May-Helen Haukefer - 14 år, Melissa Matland - 13 år, Natasja Smørholm - 14 år, Sanne Berge - 13 år - tittel "Heads will roll" (sjølvlaga danseteater)

Med ein del gjengangarar er det totalt 21 ungdomar som får tilbodet om å reisa til Bergen helga 15.-17. april der det vert UKM-festival på kulturhuset USF verftet på Nordnes.

Dei som sat i juryen for Fusa: Anja Tveiterås, Helene Gjernes Riise og Vegard Fosså.

Fusa kommune som hovudarrangør i 2016 vil takka alle som har hjelpt til med arrangementet og takka alle deltakarane for innsatsen.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30