Aktuelt frå kommunen

Utlysing av treningstid i Fjorden arena

Fjorden arena (Os og Fusaposten) - Klikk for stort bilete

Fjorden arena står klar til bruk etter skuleferien. Fusa kommune ber no om å få fornya søknader om treningstid for hausten 2019 og våren 2020 frå lokale idrettslag. Bruk eige søknadsskjema (DOCX, 34 kB) og send det inn til post@fusa.kommune.no eller lever det i ekspedisjonen på Kommunetunet innan onsdag 14. august kl 12.

Vilkåra for leige/bruk hausten 2019 er fastsett i avgiftsregulativet til Fusa kommune. 

Har du spørsmål?

Har de spørsmål ta kontakt med dagleg leiar Embla Helland på telefon 97473186 – epost: embla.helland@fusa.kommune.no

Brukarkurs

Det vert eit obligatorisk brukarkurs for lag og organisasjonar tysdag 20. august kl 18.00 i Fjorden arena. Her må leiarar og trenarar møta som skal ha ansvar for grupper i hallen. Hallen vil vera tilgjengeleg for trening frå onsdag 21. august for dei som møter til kurset.

Offisiell opning 25. august

Merk at det søndag 25. august kl 12.00 vert offisiell opning av Fjorden arena, Fusa si nye storstove.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 12.08.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30