Aktuelt frå kommunen

Utlysing av regionale næringsfondsmidlar

Takstolar. - Klikk for stort bilete GROM Hordaland fylkeskommune har tildelt Bjørnefjorden Næringsutvikling midlar til regionalt næringsfond for Fusa, Os og Samnanger. Målet er å få til regional utvikling. Søknadsfristen for 2013-tilskot er 11. november. 

Tiltak som kan vera med på å utvikla regionen vår, vert prioriterte. Midlane kan ikkje nyttast til ordinær drift.

 

Kven kan søkja tilskot?

  • kommunane i regionen

  • regionale/interkommunale organ

  • bedrifter

  • lag og organisasjonar

Sjå elles:

Her er følgjande næringar prioriterte:

  • Energinæringar

  • Marine næringar

  • Maritime næringar

  • Kulturnæringar

  • Reiselivsnæringar

  • Landbruksnæringar  

 

Korleis søkja?

Søknaden skal sendast digitalt via Regionalforvaltning sine nettsider. Dersom du har organisasjonsnummer, skal du registrera deg som organisasjon. Dersom ikkje, skal du registrera deg som privat. Søknadsfrist: 11.11.2013. Tildeling skjer i desember.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Fusa utviklingsselskap tlf 56 58 18 90 eller rådmann Tone Ramsli i Samnanger kommune tlf 56 58 74 00.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.10.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30