Aktuelt frå kommunen

Utforming av nytt kommunevåpen for Bjørnafjorden

Kva kommunevåpen skal Bjørnafjorden kommune ha? - Klikk for stort bilete

Du kan no søkja om å få vera med i konkurransen om å formgje kommunevåpenet til nye Bjørnafjorden kommune. Søknadsfrist for denne prekvalifiseringa er 20. august.

Oselvar og fjord som symbol

Bjørnafjorden kommune treng eit nytt kommevåpen. Det nye kommunevåpenet skal vera samlande og identitetsskapande for den nye kommunen. Symbolet fellesnemnda for kommunesamanslåinga har vald er oselvarbåten.

Oselvaren er eit kulturelt felleseige for den nye kommunen. Det representerer både handverkskultur, næringshistorie og samferdslehistorie – kor godt kystkulturen i Os og Fusa. Med sin status både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt – har vi eit unikt symbol for våre bygder og den nye kommunen.
 
Det andre stikkordet ein vil leggja til grunn for konkurransen er fjord. Fjord er eit anna sterkt symbol og omgrep med stort gjennomslag, Fjorden bind den nye kommunen saman. Sidan kommunen har fjord i namnet er det nærliggjande at fjord vert ein leietråd for kommunevåpenet i form og/eller fargeval.
 

Reglar for konkuransen

Konkuransen for formgjeving av kommunevåpenet for Bjørnafjorden kommune skal byggja på dei heraldiske reglane som var retningsgjevande for norske kommunevåpen før 1/1 2018, jfr arkivverket.no.  https://www.arkivverket.no/forvaltning-og-utvikling/kommunereform/kommunevapen
 

Premiering

Inntil fem bidrag kan premierast med kroner 5.000 kvar. Vinnaren av konkurransen får i tillegg kroner 30.000.
 

Krav til kompetanse

Konkurransen er open for profesjonelle formgjevarar med relevant kompetanse. Det skal leggjast ved CV ved søknad om prekvalifisering til konkurranse.
 

Søknad om å vera med

Søknad om å ta del i konkurransen  må innehalda namn og kontaktinformasjon og ein CV som viser utdanning og relevant erfaring. Deltakarane må i søknad stadfesta at dei er innforstått med at Bjørnafjorden kommune har eigedomsretten til dei premierte bidraga.
 

Framdriftsplan

Frist for å levera søknad om prekvalifisering er 20. august
Innan 1. september går det ut invitasjon til formgjevingskonkurranse til dei som vert kjend kvalifiserte.
Denne delen vert ein lukka konkurranse. Berre aktørar som er godkjende deltakarar gjennom prekvalifiseringa kan ta del i konkurransen og levera bidrag.
Frist for levering av bidrag til sjølve formgjevingskonkurransen er  20. oktober
Endeleg val av kommunevåpen vert gjort av kommunestyra i Os og Fusa i desember.
 

Kontaktpersonar

Har du spørsmål til utlysinga kan du ta kontakt med:
Kultursjef i Os kommune Lisbeth Lunde Axelsen - telefon 95089833, e-post lax@os-ho.kommune.no
Kulturleiar i Fusa kommune Erik Vangsnes – telefon 47277146, e-post erik.vangsnes@fusa.kommune.no
 
Søknad om prekvalifisering skal sendast til postmottak@os-ho.kommune.no innan 20. august 2018.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.07.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30