Aktuelt frå kommunen

Ut på tur med Frivilligsentralen

Rundtur på Vinnes - Klikk for stort bilete M. Haugen Fusa frivilligsentral har klart haustprogrammet for dei populære onsdagsturane. Det er lagt opp til 11 turar frå 31. august til 16. november - alle med turleiarar. Fast oppmøtestad er Fjord'n senter i Eikelandsosen onsdagar kl 10.

Haustprogrammet 2016 startar med ein to-tretimars lett rundtur på Vinnes. Dagfinn Solberg er turleiar. 

Siste post på programmet er rundtur på Bogøy med Ola Solheim og Bodil Samnøy som turleiarar. Dagen vert avslutta med lunsj på Bogøytunet. 

Skriv ut programmet (PDF, 64 kB) og heng det på kjøleskåpet! 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30