Aktuelt frå kommunen

Ut på tur for TV-aksjonen

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto 1.-15. oktober har du sjansen til å gå tur til sju utvalde turmål i Fusa og skaffa pengar til TV-aksjonen samtidig. Næringslivet sponsar deg og Regnskogfondet. 

 

Regnskogfondet

TV-aksjonen 18. oktober går til Regnskogfondet og mottoet er "Vi skal vokte regnskogen". Regnskogfondet arbeider for å ta vare på regnskogane, som er heilt avgjerande for kloden sitt klima og for 260 millionar menneske som har regnskogen som sin heim. 

Gå tur for regnskogen!

I år er det Friluftslivets år. Arrangementskomiteen for TV-aksjonen 2015 i Fusa har difor fått fleire bedrifter i Fusa til å vera med og sponsa kvar einaste fusing som går på tur til dei utvalde turmåla med ein viss kronesum. Tilbodet gjeld i tidsrommet 1.-15.oktober, og du må skriva deg inn i turboka på gjeldande turmål for å utløysa sponsorkroner.

Bodil Samnøy i arrangementskomiteen håper mange fusingar blir med og går til inntekt for TV-aksjonen. "Slik blir det helse, solidaritet og gode opplevingar i kvar krone!" understrekar ho. 

Dette er dei utvalde turmåla:

  • Dallandstølane
  • Ludden
  • Hafskorvatnet
  • Ådlandssetret
  • Storetjørn
  • Langedalsvatnet
  • Revnasetret

Snarveg:

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30