Aktuelt frå kommunen

Ut i naturen våren 2016

Onsdagstur med Fusa frivilligsentral - Klikk for stort bileteOnsdagstur med Fusa frivilligsentral GROM

Fusa frivilligsentral har klart program for dei populære onsdagsturane denne våren. 14 turar står på programmet frå 2. mars til 8. juni - alle med vegvisarar. Fast oppmøtestad er Fjord'n senter onsdagar kl 10.

Vårprogrammet 2016 startar sør i kommunen med ein totimars lett rundtur i skogsterreng Sundfjord-Håvikvatnet. Astrid Heidal er vegvisar. 

Programmet vert avslutta med rundtur i Strandvik med Bjørg og Johannes Kvåle som turleiarar og sommaravslutning hjå Patricia på "Handelslaget".

Skriv ut programmet (PDF, 77 kB) og heng det på kjøleskåpet!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30