Aktuelt frå kommunen

Unge kommunevåpen på utstilling

Kva kommunevåpen skal Bjørnafjorden kommune ha? - Klikk for stort bilete

I vår blei alle 6. klassingar i Fusa og Os kommunar inviterte til å teikna sine forslag til nytt kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune. No kan du sjå deira forslag på utstilling i folkebiblioteka i Os og Fusa. I Fusa er det utstillingsopning fredag 8. juni kl 9 ved ordførar Atle Kvåle.

Prosjektgruppa, som består av kulturleiar i Fusa kommune, Erik Vangsnes, kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen og Grete Byrkjeland frå kultureininga i Os kommune, fekk inn svært mange forslag til nytt kommunevåpen. Les meir om utfordringa skuleelevane fekk på Bjørnafjorden kommune si nettside. Forslaga vil tena som inspirasjon for dei profesjonelle kunstnarane som skal formgje det endelege kommunevåpenet for den nye kommunen. 

Høgtidleg opning

Alle dei flotte forslaga blir no til ei utstilling i Fusa folkebibliotek og Os folkebibliotek. Ordførar i Os, Marie Bruarøy står for den offisielle opninga av utstillinga i Os folkebibliotek, torsdag 7. juni klokka 12. Ordførar i Fusa, Atle Kvåle, opnar utstillinga i Fusa folkebibliotek fredag 8. juni kl. 9.

Alle skuleelevane som har delteke, er sjølvsagt spesielt inviterte. Pressa er òg hjarteleg velkomen.
Prosjektgruppa vil trekka ei vinnarklasse på kvar av opningane.
 

Sommarutstilling

Alle forslaga vil òg vera å sjå i elektronisk utgåve på bjornafjordenkommune.no frå 7. juni. Utstillinga i Fusa vert montert i Glasgato og vil stå heile sommaren. Utstillinga vert open i Kommunetunet og biblioteket si opningstid ut august månad. Sjå vedlagt invitasjon (PDF, 647 kB)
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30