Aktuelt frå kommunen

Unge fusingar til UKM-festival

When your wheels are gone  (UKM) - Klikk for stort bileteWhen your wheels are gone (UKM)

Fusa markerte seg sterkt under UKM-festivalen i Hordaland 28.-30. april med mange fine innslag i programmet. Fusa-bandet When Your Wheels are gone er plukka ut av juryen til å representera fylket på landsfinalen i Sandnes 21.-25. juni. 

Bandet When Your Wheels are gone har base på Fusa ungdomsskule og valfagstilbodet i musikk. Bandet består av Natasja Smørholm (16 år), Einar Andersen (16 år), Even Lygre (16 år), Frida Solheim (15 år), Jørgen Hovden (15 år), Lars Henning Fosse (16 år), og Torbjørn Fosså (16 år).
 

When your wheels are gone (Bo Mathys) - Klikk for stort bilete

Du kan lesa meir om innslaga frå Hordaland som gjekk vidare på UKM si nettside.

I følgje Fusa-gjengen sin reiseleiar på arrangementet på kulturhuset USF i Bergen, Agnes Smørholm, så var dette ein svært vellukka festival. Ungdomane hadde det veldig kjekt. Dei aller fleste overnatta på festival-campen og var med på ulike verkstader og arrangement gjennom helga. I tillegg var dei sjølvsagt med i programmet med sine eigne ting, med konsertar, kunstutstilling og filmframsyning. Fusingane hadde i følge Agnes Smørholm fleire sterke innslag enn det som juryen til slutt plukka ut. Ho er imponert over at ungdom frå Fusa kjem med til landfestivalen år etter år. Det blir lagt merke til!

Fusa kommune gratulerer med innsatsen til alle saman, og ønskjer god tur og lukke til i Sandnes for When your wheels are gone i juni!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 05.05.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30