Aktuelt frå kommunen

Ungdommens time i kommunestyret

Vegard Fosså og Atle Kvåle - Klikk for stort bilete

Leiar i Fusa ungdomsråd Vegard Fosså fekk presentera ungdomsrådet sitt arbeid for kommunestyret i møte 21. juni. Fusa har hatt ungdomsråd sidan 2007 og frå 2020 vert det nytt ungdomsorgan i Bjørnafjorden kommune.

Vegard Fosså fortalde om kva saker dei har jobba med og korleis dei har arbeidd politisk, både inn mot Fusa kommune og Ungdommens fylkesting i Hordaland.

I vår har ungdomsrådet rullert deler av sin eigen handlingsplan. Her har rådet involvert over 200 ungdomar på ungdomsskulen og Fusa vidaregåande skule og fått innspel til prioriteringar og nye tiltak. Sjå 
Handlingsplan 2018 (PDF, 58 kB).

Os kommune har per i dag ikkje eit ungdomsråd. Det er bestemt at Bjørnafjorden kommune skal eit ungdomsråd frå 2020 og Vegard Fosså gav uttrykk for at han såg fram til å jobba med førebuinga av eit nytt felles råd saman med ungdom frå Os. Fosså fekk mykje skryt for ungdomsrådet sitt arbeid, både av ordførar Atle Kvåle og kommunestyret.


Presentasjon for Fusa kommunstyre 21. juni 2018 (PDF, 589 kB).

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30