Aktuelt frå kommunen

Ung studietur til Nordhordland

Fusa ungdomsråd på besøk i Austrheim - Klikk for stort bilete

Ungdomsrådet i Fusa var på studietur til Nordhordland tysdag 2. mai. Dei gjesta ungdomssenter i Radøy og Austrheim og fekk møta engasjert ungdom som tek tak i eiga fritid.

Vitale ungdomsmiljø

I samband med kulturplanarbeidet i Fusa har ungdomsrådet vore på studietur for å henta inn idear og impulsar. Radøy og Austrheim er to kommunar som i stor grad har lukkast med å fornya ungdomsarbeidet sitt dei siste 10 åra. Begge kommunar har fått stillingar som ungdomskoordinatorar og desse har klart å få med seg ungdom i å skapa eit vitalt ungdomsmiljø der unge tek ansvar og er engasjerte.

Fekk møta ordførarane

Ordføraren og leiar i Radøy ungdomsråd Steffen Vestheim Sævdal - Klikk for stort bilete Ungdomsrådet frå Fusa med ordførar Atle Kvåle og kulturleiar Erik Vangsnes i reisefølgjet, fekk møta ungdomen på sin eigen heimebane i "ungdommens hus" og ungdomssenter som er bygd opp samlokalisert med sentralidrettsanlegg i dei to kommunane. Dei fekk også møta vaksenleiarane og ordførarane. Erfaringane frå studieturen vert samla i ein eigen rapport som vert lagt fram for ungdomsrådet og formannskapet i komande møterunde.

Sjå informasjon om ungdomskoordinatoren i Radøy kommune.
Sjå 
informasjon om ungdomsarbeidet i Austrheim.

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 08.05.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30