Aktuelt frå kommunen

Ung rock i Os og Fusa

Fusa-band på UKM 2015 - Klikk for stort bilete

Fredag 12. januar kl 19.00-23.00 er det konsert i Nesjaheimen på Vinnes med unge rockespirer i alderen 13-20 år. Arrangementet er ein del av oppkøyringa til UKM 2018.

Fem ulike band frå Os og Fusa skal i aksjon på Vinnes denne kvelden; Blooming Bruises, Los Hipsters, Perpleks, The Potatoes og Sleepwalkers. Det blir også meir uhøgtidleg jamming og musisering som ein del av programmet og informasjon om det komande UKM-arrangementet på Oseana 3. februar.

For å halda energinivået oppe, vert det sal av kioskvarer. Arrangementet er rusfritt. Målgruppa er ungdom frå 7. klasse og ut den vidaregåande skulen. Gratis inngang. Teknisk arrangør er Fusa rockeklubb i samarbeid med kulturavdelingane i Os og Fusa.

Plakat UROF - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 10.01.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30