Aktuelt frå kommunen

UKM suksess i Oseana

UKM 2013 - Klikk for stort bileteUKM 2013 Erik Vangsnes  Ungdommens kulturmønstring på Oseana kunst- og kultursenter laurdag 2. februar vart ein stor suksess. Det var jamnt høgt nivå på programmet (PDF, 100 kB) og god underhalding for dei mange frammøtte frå både Os og Fusa. Mange unge var involverte i den velfungerande arrangørstaben og deltakarane fekk seg ei oppleving for livet. Sjå film frå UKM.

På andre året arrangerar Fusa UKM saman med Os i Oseana kunst- og kultursenter. I nesten 4 timar fekk publikum oppleva ung lokal kultur på sitt beste. Fusa ungdomsråd har vore aktive med i planlegginga. Leiar i ungdomsrådet Lena Marie Schad var konferansier saman med William Lindborg frå Os.

Fusa hadde åtte innslag i scenedelen av programmet. Sju av desse innanfor kategorien musikk. Det var eit jamnt høgt nivå på alle innslaga og juryen hadde ein vrien jobb med å plukka ut dei inntil fem bidraga som skal representera Fusa i fylkesmønstringa 13.-14. april.

Dei fem som til slutt kom med var:

Hanna Øygard med "Vårsang"
Natasja Smørholm med "Jolene"
Idar Rolland med "Hjerteknuser"
Elen Ekeberg Klippen med "Nøringen"
Bandet "Legal words" med "Dear John"

Ei dansegruppe frå Fusa ungdomsskule fekk underhalda i pausen under UKM 2013. | Fotograf: ERV Dansegruppe frå Fusa ungdomsskule med eigen instudert dans under UKM 2013. Dei stilte utanom det ordinære programmet. | Fotograf: ERV Irmelin Lygre deltok på UKM med eit pianostykke av den franske komponisten Erik Satie | Fotograf: ERV Legal words vart plukka ut til fylkesmønstringa med låten Dear John | Fotograf: ERV

Medlemer i Legal words er: Dag Tore Markhus, Even Bakke, Helene Riise, Joachim Brekke Tveit, Runar Hamre Sandvik.

Fusa hadde også med eit filminnslag. Filmskapar Sverre Kvamme stilte med dokumentaren "Knut" som viste seg å vera eit nytt lite meisterverk frå den kanten. Sverre fekk også den hyggelege meldinga frå juryen, at han gjekk vidare til fylkesmønstringa, som for første gang vert arrangert i Oseana, 13.-14. april.

Når juryen trakk seg tilbake for å vurdera alle innslaga var det fleire underhaldningsinnlag i storsalen. Fusa stilte her med ei dansegruppe frå Fusa ungdomsskule som var kjempeflinke.

Fusa kommune ønskjer lukke til i fylkesmønstringa for dei som var heldige å koma vidare. Ein vil samstundes takka alle som deltok på den lokale mønstringa både som påmeldte deltakarar, som underhaldarar i pausen og som lokale arrangørar. Alle representerte det lokale kulturlivet i Fusa på ein flott måte!
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.02.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30