Aktuelt frå kommunen

UKM på Breidablikk i Sævareid

Dansande jenter - Klikk for stort bilete

Det vert lokal ungdommens kulturmønstring (UKM) for Os og Fusa søndag 14. februar i ungdomshuset Breidablikk i Sævareid. Påmeldinga kan du gjera på eigen nettportal for UKM-Noreg. Påmeldinga er open fram til 1. februar.

Fusa tar jobben

Fusa har siste 3 åra samarbeida med Os kommune om UKM i Oseana, der kultureininga i Os har hatt største jobben med arrangementet. I år det Fusa sin tur til å ha hovudansvaret for gjennomføringa, og det blir spennande å ha arrangementet i det nyleg nyoppussa kulturhuset i Sævareid, seier kulturleiar Erik Vangsnes. Sjå elles kva Midtsiden skriv om saka.

Promoteringsturné

Ung pianist og songar Idar Rolland - Klikk for stort bilete

Onsdag 20. januar var ein gjeng på promoteringstruné for UKM med framsyningar på Fusa vgs og Fusa ungdomsskule. Her fekk publikum informasjon om UKM og smakebitar på stoff som det blir jobba med fram mot lokal mønstring søndag 14. februar. Først fekk ein sjå og høyra eit lite sjølvlaga teaterstykke med gode dialogar og dansande "zombiar". Sist ut var Natasja Smørholm og Idar Rolland med ein duett song og piano som hausta stor aplaus.

Ope for mange uttrykk

UKM er open for barn og unge i alderen 13-19 år. Det er mogeleg å ta del i den lokale mønstringa med alle typar kreative uttrykk. Dei mest vanlege kulturformene er musikk, film, dans og biletkunst. Kanskje driv du i staden med kokkekunst, webdesign, kreative tekstar, tredreiing eller tatovering? Då er UKM tingen for deg.

Kontaktpersonar

Det meste skal få plass i ei lokal mønstring. Har du spørsmål om påmeldinga eller sjølve arrangementet kan du ta kontakt med kulturleiar Erik Vangsnes på telefon 56580153 eller UKM-kontakt Agnes Smørholm telefon 91595806. I Os er Kjetil Osablod Grønvigh kontaktperson, mob 995 05 666. Hugs fristen 1. februar.

Fylkesmønstring i april

Det vert ein eigen jury som skal vurdera kven som skal gå vidare til fylkesmønstringa med eigen kvote for Os og Fusa. Fylkesmønstringa vert på USF-Verftet i Bergen 15.-17. april.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30