Aktuelt frå kommunen

UKM i Oseana laurdag 14. mars

Helene Riise på UKM 2014. - Klikk for stort bilete

Ungdommens kulturmønstring (UKM) er den største kulturarenaen for ungdom i Noreg. Os og Fusa samarbeider om den lokale mønstringa laurdag 14. mars i Oseana kunst- og kultursenter. Påmeldinga skjer via www.ukm.no  og fristen er  søndag 1. mars kl 23.55

Kvart år deltek meir enn 25 000 ungdomar over heile landet. UKM gjev deg høve til å visa andre kva du driv med på fritida. I tillegg til publikum i salen er det ein fagjury som skal plukka ut deltakarar til fylkesmønstringa i april. Dei som går vidare frå fylkesmønstringa, får vera med på UKM-festivalen i Trondheim i juni.

4 x Oseana

Du kan delta med ulike kulturuttrykk frå musikk, song, teater og design, til litteratur, foto/film, kunsthandverk, dans og stand up. Du kan også vera deltakar som konferansier eller arrangør. UKM er ingen konkurranse. Her kan alle stilla opp. Det er fjerde gongen det vert skipa til felles UKM for Os og Fusa i Oseana. Arrangementet er laurdag 14. mars kl 16.00.

Ny aldersgrense

Nytt av året for lokalmønstringa i Os og Fusa er at deltakarane må vera fylt 13 år, medan grensa før var 10 år. Påmeldinga skjer på Internett via ukm.no med frist 1. mars kl 23.55, på nettsida finn du også meir detaljert informasjon om mønstringa. Det er dei kommunale kulturkontora i Os og Fusa som står som tekniske arrangørar. Kontaktperson i Os kommune er Kjetil Grønvigh, i Fusa Erik Vangsnes og Are Fløisand.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.02.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30