Aktuelt frå kommunen

UKM for Os og Fusa 9. mars

Frida Solheim og Zofia Konieczka - Klikk for stort bilete

Det vert felles lokalmønstringa for unge kultur i Os og Fusa laurdag 9. mars i den splitter nye idrettshallen i Eikelandsosen. Du kan melda deg på digitalt på www.ukm.no innan 3. mars. Det er alt fleire påmelde og berre å gleda seg.

Den nasjonale kulturfestivalen for ungdom, UKM, er sprell levande og inviterer alle unge mellom 11 til 20 år til fest! Etter dei lokale arrangementa gjennom vinteren er det fylkesmønstringar. Hordaland samlar seg i Oseana 5.-7. april og den nasjonale UKM-festivalen vert i Arendal i slutten av juni.

Vellukka samarbeid

Først vert det lokal mønstring for Os og Fusa laurdag 9. mars. Vi har hatt eit vellukka samarbeid i mange år. For andre gang er det felles mønstring i Fusa og no i den splitter nye idrettshallen i Eikelandsosen. Nytt av året er at mønstringa er så seint som 9. mars. Då får deltakarane heile vinteren på å førebu innslag og bidrag og arrangørane håper det gjev ein positiv effekt for påmeldinga og programmet.

Meld deg på

Gjengen bak UKM i Os og Fusa ønskjer å få med alle kreative unge krefter i den nye Bjørnafjorden kommune til ei stormønstring av musikk og kultur. Har du eit eller anna du driv på med på fritida du kan visa fram for andre? Er det kreative tilng som skjer i skulekvardagen som kan løftast fram på ein scene, i ei utstilling eller på eit filmlerret? Kanskje du har lyst å vera med i den unge arrangørstaben. Då er er UKM rette staden for deg og det er berre å melda seg på.
 
Nedre aldersgrense er 11 år (5. klasse) og oppover 20 år, men om minst halvparten som samarbeider om eit innslag er i rett alder kan det vera med både yngre og eldre deltakarar.
 
Påmeldingsfrist til lokalmønstringa er søndag 3. mars og påmeldinga ordnar du sjølv digitalt på ukm.no.Sjølve arrangementet er helga etter påmeldingsfristen, laurdag 9. mars.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 02.01.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30