Aktuelt frå kommunen

UKM-festival til helga

Even Lygre  (UKM, Hordaland) - Klikk for stort bilete

Helga 28.-30. april er det UKM-festival i Hordaland med ein stor kontingent ungdomar frå Fusa. Festivalen er på Kulturhuset USF på Nordnes i Bergen. Fusa er representert både med musikk, film og utstilling, tillegg til at lokale ungdomar er med i arrangørstaben.

Du kan lesa om alle deltakarene på UKM sine nettsider. Innslaga frå Fusa er:
Renate og Marius (pop)
Sleepwalkers (rock)

Susanna Kristensen (klassisk)
When your wheels are gone (rock)
Robin Hovden (film)
Zofia Konieczka (kunst)

I sjølve programmet kan du lesa når ting skjer. Fusingane  som er med i sceneprogrammet skal i aksjon laurdag til litt ulike tider medan filmane vert presentert søndag frå kl 13.00. Kunstutstillinga opnar kl 15.00 laurdag og er open ut søndagen.

Deltakarane kan i tillegg vera med på ulke aktivitetar og verkstader i løpet av helga. Dei bur på ein eigen festival-camp og det blir nok ei travel helg med lite søvn!

Sceneprogramma, utstillinga og filmane er opne for alle interesserte. Du kan kjøpa billett ved inngangen.

Fusa kommune ønskjer lukke til i Bergen!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 28.04.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30