Aktuelt frå kommunen

Tyssetunellen opnar måndag 29. juni

Tunnellopning med bilar - Klikk for stort bilete

Tyssetunellen på fv 48 opnar for trafikk måndag 29. juni. Det vert opningseremoni ved austre tunellinngang med talar og hornmusikk kl 12.00.

Program

Snorklippinga vert ved fylkesordførar Tom-Christer Nilsen. Etter at tunellen er høgtidleg opna for trafikk vert det folkefest kl 13.00 ved Samnanger ungdomsskule som ligg i gangavstand frå staden der opninga skjer. Her vert det kulturelle innslag, talar og helsingar.

Kl 14.00 vert det servering av grillmat med tilbehør, kaker, saft og kaffi til alle.

Parkering

Parkering ved Samnanger barneskule, Nesodden og brannstasjonen. Då det er gangavstand frå barneskulen til Nesodden, vil det gå skyttelbuss frå Nesodden via Tysse og til opningsstaden frå kl 11.00. Bussen plukkar opp folk på buss-stoppa undervegs. Siste avgang kl 11.45.

Alle vel møtt!

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30