Aktuelt frå kommunen

Turné med lokale eventyr

Merete Gauden og tøybamsen fortel eventyr i Jettegryto barnehage. - Klikk for stort bileteMerete Gauden og tøybamsen fortel eventyr i Jettegryto barnehage. Kjellaug S. Raunsgard Forteljar Merethe Gauden frå Norheimsund har i byrjinga av mars vore rundt på turné til barnehagar og skular i Fusa med lokale eventyr og segner i bagasjen. Programmet er del av "Kulturnisto" i Fusa. 

Merethe Gauden er profesjonell forteljar og driv med litteraturformidling og forteljeteater. Basert på lokale eventyr og segner frå Fusa har ho laga eit eige opplegg tilpassa ulike aldersgrupper frå barnehage til småskuletrinnet. I går var ho på besøk i Jettegryto barnehage i Eikelandsosen, der ho møtte eit lydhøyrt og begeistra publikum (sjå foto).

"Sanne" historiar frå gamle dagar

"Ho fortalde gamle segn frå Fusa, ”sanne” historiar frå gamle dagar," fortel styrar Kjellaug Skage Raunsgard. "Det handla om Engel som slost med Jacob og vann, Grim Årra som skaut ein bjørn som kanskje var ein trollmann, Hans som hadde ein krakk som blei forvandla til ei maurtue og ein svart hund, og om verdas beste reveskyttar som skulle skyta ein rev og så skjedde det rare ting…. Og alt skjedde i Fusa! Vi møtte ein rev og ein bjørn. Med bilete, eiga stemme, mimikk og kroppsspråk fenga ho både små og store i barnehagen. Etterpå takka ho for eit lydhøyrt publikum i Jettegryto."

Ein lur rev på besøk i Jettegryto barnehage saman med forteljar Merethe Gauden. - Klikk for stort bileteEin lur rev på besøk i Jettegryto barnehage saman med forteljar Merethe Gauden. Kjellaug S. Raunsgard

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30