Aktuelt frå kommunen

Trine Lindborg opnar Eigenberedskapsveka 2019 i Fusa

Nyvald ordførar for Bjørnafjorden kommune Trine Lindborg kjem til Fusa - Klikk for stort bileteNyvald ordførar for Bjørnafjorden kommune Trine Lindborg kjem til Fusa Os kommune På sin første arbeidsdag som nyvald ordførar i komande Bjørnafjorden kommune kjem Trine Lindborg til Eikelandsosen i dag onsdag 30. oktober for å vera med på offisiell markering av Eigenberedskapsveka 2019. Det skjer klokka 16 i Fjord'n Senter. Velkommen!

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Målet med Eigenberedskapsveka 2019, som varer frå 28. oktober til 3. november, er å auka folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar.

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og om vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er vi alle ein del av beredskapen i Noreg.

Har du beredskapslager heime?

Kan du greia deg i tre døgn utan vatn, straum og mobilnett/internett? Butikkane i Fjord'n Senter har gått saman om ei utstilling der du kan sjå ting som kan vera lurt å ha i heimen dersom krisa skulle ramma. 

Informasjon om jodtablettar

Myndigheitene anbefaler å ha jodtablettar i heimen dersom du har barn under 18 år, er gravid eller ammar. Kommuneoverlege i Fusa og snart Bjørnafjorden kommune Klaus Melf blir med på markeringa i dag for å informera om jodtablettar.

Alle interesserte er velkomne til denne markeringa av Eigenberedskapsveka.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 31.10.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30