Aktuelt frå kommunen

Treng du SFO-tilbod i vinterferien?

Frå vinterferie-SFO 2018. - Klikk for stort bileteFrå vinterferie-SFO 2018. Linda Lohne Fusa kommune tilbyr skulefritidsordning i vinterferien for elevar i 1.-4. klasse. Ferie-SFO er på Fusa skule. Tilbodet gjeld kvar dag frå klokka 8 til 15.30 i vinterferieveka 25. februar-1. mars. Du kan kjøpa enkeltdagar eller ei heil veke. Påmeldingsfristen er 30. januar.

SFO er open frå klokka 08.00 til klokka 15.30 i vinterferien. Elevane må ha med seg mat/drikke for heile dagen og klede til å bruka i allslags vêr.

Kva kostar vinterferie-SFO?

  • Betaling pr. dag er kr 364
  • Betaling for heile veka er kr 1169

Påmelding

Du kan melda deg på til SFO-leiar Linda Ann Lohne ved å

Fristen for å melda seg på er 30. januar. Påmeldinga er bindande. 

Me treng desse opplysningane:

  • kva dagar ønskjer du SFO-plass?
  • namn på elev
  • namn på foreldre/føresette + tlf.nr. og/eller e-postadresse
  • kva skule går eleven på?
  • kva klassetrinn?

Velkommen til vinterferie-SFO!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.01.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30