Aktuelt frå kommunen

Treng du SFO-tilbod i sommar?

Arkivfoto frå sommar-SFO 2015. - Klikk for stort bileteArkivfoto frå sommar-SFO 2015. Linda Ann Lihne Fusa kommune tilbyr skulefritidsordning to veker i sommarferien for elevar i 1.-4. klasse. Ferie-SFO er på Fusa skule. Tilbodet gjeld 21.-27. juni og 5.-9. august. Du kan kjøpa enkeltdagar eller ei heil veke. Påmeldingsfristen er 24. mai.

Siste skuledag før sommarferien er torsdag 20. juni. Det blir ferieopen SFO i fem dagar frå og med fredag 21. juni til og med torsdag 27. juni ved Fusa barneskule, og i tillegg siste veka før skulestart. Skulen startar att torsdag 15. august, men før dette skal skulane ha tre planleggingsdagar (12.-14.08.).

SFO er open frå klokka 08.00 til klokka 15.30 kvar dag. Tilbodet inneheld SFO-aktivitetar på skulen. Elevane må ha med seg mat/drikke for heile dagen og klede til å bruka i allslags vêr.

Kva kostar sommarferie-SFO?

  • Betaling pr. dag er kr 364.
  • Betaling for heile veka er kr 1169.

Påmelding

Fristen for å melda seg på er 24. mai. Påmeldinga er bindande. 

Me treng desse opplysningane:

  • kva dagar ønskjer du SFO-plass?
  • namn på elev
  • namn på foreldre/føresette + tlf.nr. og/eller e-postadresse
  • kva skule går eleven på?
  • kva klassetrinn?

Velkommen til ferie-SFO i sommar! 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 09.05.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30