Aktuelt frå kommunen

Treng du SFO-tilbod i haustferien?

Ferie-SFO illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete Linda Ann Lohne Fusa kommune tilbyr skulefritidsordning i haustferien til elevar i 1.-4. klasse. Ferie-SFO er på Fusa skule. Tilbodet gjeld kvar dag frå klokka 8 til 15.30 i haustferieveka 8.-12. oktober. Du kan kjøpa enkeltdagar eller ei heil veke. Påmeldingsfristen er 15. september.

SFO er open frå klokka 08.00 til klokka 15.30 i haustferien. Elevane må ha med seg mat/drikke for heile dagen og klede til å bruka i all slags vêr.

Kva kostar haustferie-SFO?

  • Betaling pr. dag er kr. 364
  • Betaling for heile veka er kr 1169

Påmelding

Du kan melda deg på til SFO-leiar Linda Ann Lohne ved å senda e-post til linda.ann.lohne@fusa.kommune.no eller senda/levera påmelding til Fusa skule, Gjerdevegen 40, 5641 FUSA.

Fristen for å melda seg på er 15. september. Påmeldinga er bindande. 

Me treng desse opplysningane:

  • kva dagar ønskjer du SFO-plass?
  • namn på elev
  • namn på foreldre/føresette + tlf.nr. og/eller e-postadresse
  • kva skule går eleven på?
  • kva klassetrinn?

Velkommen til haustferie-SFO!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.08.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30