Aktuelt frå kommunen

Trafikksikringsplan for 2016-2019

Steinras: Ein stor stein stengjer heile vegen mellom Sundvor og Lygre. Foto. - Klikk for stort bilete

Utval for plan og miljø skal i møte 1. oktober ha framlegget til ny trafikksikringsplan for Fusa oppe til første gongs handsaming. Rådmannen rår til at framlegget vert sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Rullering av gjeldande plan

Gjeldande trafikksikringsplan vart vedteken i 2008. Det vart gjort oppstartvedtak for rullering av planen i september 2013. Planprogrammet vart vedteke i kommunetyret 16.10.2014. 

Framlegget til rullert plan byggjer i hovudsak på tidlegare planar, med visjon og mål, ein oppdatert faktadel, gjennomgang av status på gjennomføring av tiltak frå førre plan, oppsummering av innspel frå oppvekstsenter, bygdeutval og framlegg til prioritering av tiltak.

Rulleringa har vore styrt av ei prosjektgruppe med representantar frå politiet, Trygg trafikk, vegvesenet, kommunen (kultuleiar og einingsleiar teknisk drift). Heimetenesta og skule- og barnehageeiningane har delteke i deler av arbeidet, hovudsakeleg det som gjeld ikkje-fysiske tiltak. Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har vore sekretær for planen.

"Trafikksikker kommune"

Nytt i samband med dette planframlegget er fokus på omgrepet «Trafikksikker kommune». Trygg trafikk har utarbeidd ein rettleiar for "Trafikksikker kommune" med kriterier og sjekklister, både overordna for heile kommunen og for kvart enkelt kommunalt tenesteområde.

Framlegg til fysiske tiltak er delt inn etter samråd med vegvesenet og basert på deira inndeling. Når det gjeld ikkje-fysiske tiltak er det også fokus på tenestekøyring for kommunalt tilsette.

Offentleg ettersyn

Rådmannen rår til at framlegget vert sendt høyringsinstansane og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i plan- og bygningslova. Då kan alle som ønskjer det, koma med kommentarar til planframlegget.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30