Aktuelt frå kommunen

Tour des Fjords gjennom Fusa - oppdatert info

Tour des Fjords - Klikk for stort bileteTour des Fjords

Onsdag 27. mai kjem Tour des Fjords gjennom Fusa. Det er kanskje det største idrettsarrangementet i Fusa nokon gong. Still opp og få med deg Alexander Kristoff, Edvald Boasson Hagen og Fabian Cansellara og vel 200 profesjonelle sykkelryttarar for full fres gjennom Holmefjord, Eikelandsosen og Hålandsdalen.

Første etappe av sykkelrittet Tour des Fjords skal gå gjennom Fusa onsdag 27. mai. Løpet startar på Bryggen i Bergen kl 13.40 og skal ha målgang i Norheimsund ca kl 18.00. Rittet går via gamle Tysse til Holmefjord og kjem forbi Eikelandosen i tidsrommet 15.55-16.10. Fylkesvegen blir stengt for anna trafikk 20-30 minutt før dette, så her løner det seg å vera tidleg ute.

Direkte på fjernsyn
TV 2 skal følgja løpet med direktesending frå Eikelandsosen til målgang i Kvam. Ei rekkje profflag er med i løpet m.a. Alexander Kristoff sitt lag Katusha. Tour des Fjords går over 5 dagar med endeleg målgang i Stavanger søndag 31. mai. Sjå www.tourdesfjords.no for fleire detaljar.

Innlagt bakkespurt på Holdhus
Publikum vert oppfordra til å stilla langsmed løypa gjennom Fusa og heia. I Eikelandsosen vert det langing av drikke i bakken opp Osaleitet, så her må publikum stå på tilvist stad. På Holdhus er det innlagt ein bakkespurt med start i Skjelbreidkrysset. Dette blir ekstra sjåverdig med stor fart.

Reklamekaravane
Det er lurt å vera ute i god tid då vegen vert stengt for anna trafikk når ryttarane kjem. I timen før løpet kjem ein karavane med reklamebilar som deler ut diverse reklameeffektar. Endå ein grunn til å vera ute i god tid!

Del dette oppslaget med vener på sosiale medier og hjelp til med å skapa ein folkefest onsdag!

Alexander Kristoff i spurt - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 26.05.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30