Aktuelt frå kommunen

Totalforbod mot open eld i Fusa

Trekantskilt med varselteikn - Klikk for stort bilete Brannsjefen i Fusa har innført totalforbod mot open eld utandørs frå og med fredag 25. mai for å unngå utmarksbrannar. Forbodet gjeld inntil vidare til det kjem nedbør av betydning, og vert vurdert fortløpande. Det er berre forsvarleg grilling med gassgrill på eiga tomt som er tillate.

"Det tørre, varme vêret vi har no medfører uttørking av vegetasjonen og dermed auka brannfare. Brannsjefen innfører difor forbod mot open eld med heimel i Forskrift om brannførebygging § 3 frå og med fredag 25. mai," opplyser brannsjef i Fusa Gunnar Hatlelid

Kva omfattar forbodet?

Utandørs er det ikkje lov til å

  • tenna opp små kaffibål
  • bruka eingongsgrillar
  • bruka kulegrillar
  • bruka bålpanner
  • bruka stormkjøkken og andre kokeapparat

Det er ikkje lov til å grilla eller tenna bål i nærleiken av skog og mark, eller i strandsona. Det er heller ikkje lov på tilrettelagde bål-/grillplassar. Forsvarleg grilling med gassgrill er tillate på eiga tomt.

Det er ikkje lov til å brenna hageavfall - heller ikkje på eiga tomt.

Forbodet vert innført for å unngå utmarksbrannar.

Svært stor skogbrannfare

Skogbrannindeksen målt på Florida i Bergen viser "meget stor skogbrannfare" for dagane framover. "Det er ikkje målepunkt for skogbrannindeksen i vår kommune, men vi må rekna med at skogbrannindeksen for Fusa ligg på minst same nivå som for Bergen," kommenterer brannsjef Hatlelid.

Forbodet gjeld inntil vidare til det kjem nedbør av betydning, og vert vurdert fortløpande. Oppheving av forbodet vil bli varsla på Fusa kommune sine nettsider og kommunen si facebookside. 

Publisert av E. Vangsnes. Sist endra 28.05.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30