Aktuelt frå kommunen

Torsdagsakademi i biblioteket

Med torsdagsakademiet vert det nytt liv mellom bokhyllene i Kommunetunet. - Klikk for stort bileteMed torsdagsakademiet vert det nytt liv mellom bokhyllene i Kommunetunet. GROM Torsdag 7. november kan du få oppleva første kvelden i det nystarta Torsdagasakademiet i Fusa. Då kan du møta diktaren Kjartan Hatløy i samtale med Mette Karlsvik i det som blir ein lokal variant av "bokbadet". Fusa folkebibliotek sine lokale i Kommunetunet vert fast møteplass for torsdags-akademiet og arrangementet startar kl 19.00.

Samarbeidsprosjekt

Torsdagsakademiet er eit samarbeid mellom Fusa folkebibliotek og lokale lag og organisasjonar. Fusa kommune har fått 50 000 kroner i tilskot frå Fritt ord til å dekka programkostnader dette første året.

Seniorane i Fusa har fått sitt eige universitet på dagtid som har samla mange. Fleire har hatt lyst til å få med seg dei mange gode foredraga som går i beste arbeidstid. Med torsdagsakademi på kveldstid får du eit alternativ.

Lyrisk markering av språkåret

Den første kvelden torsdag 7. november er vi på sporet av språkåret, der vi får eit møte med lyrikar Kjartan Hatløy i samtale med forfattar og kunst- og litteraturkjennar Mette Karlsvik. Dette er to spennande stemmer i norsk litteratur, og begge har i seinare år blitt nominerte til Brageprisen for bøkene sine. Arrangør er Fusa folkebibliotek i samarbeid med Framfus.

Markering av stemmerettsjubileet

Den andre kvelden i haust vert torsdag 28. november. Då vert det eit kåseri om stemmerettsjubileet ved Tove Pemmer Sætre, kjend bibliotekar og nestleiar i Bergen Kvinnesaksforening. Denne kvelden vert det også høve til å sjå utstillinga i høve stemmerettsjubileet i Glasgato. Arrangementet vert eit samarbeid med Kvinnenettverket på Fusahalvøya.

Vårprogram

Planen er å få fleire interessante namn til vårprogrammet og det blir spennande å sjå oppslutninga om nyskapinga. I tillegg til åndeleg føde vert det enkel servering og sosialt samvær.

Kort om dei  medverkande første kvelden:

Mette Karlsvik, fødd 1978, nordmøring med ein bachelor frå kunstakademi og ein halv i journalistikk. Kom i 2005 ut med boka "Vindauga i matsalen vender mot fjorden" (Samlaget), som ho fekk Tarjei Vesaas sin debutantpris for. I 2011 vart ho nominert til Brageprisen for romanen "Bli Bjørk", om den islandske artisten Bjørk.

Kjartan Hatløy, fødd 1954 i Hyllestad i Sogn og Fjordane, er ein norsk forfattar som skriv på nynorsk. Hatløy er framfor alt lyrikar; av hans hittil ni bøker er åtte diktsamlingar. Alle er utgjevne på Oktober forlag i Oslo. Han er onkel til forfattaren Karl Ove Knausgård. Hatløy arbeidde i mange år som skipsrørleggar på Løland Verft (Havyard Leirvik) i heimbygda Hyllestad og dreiv småbruk ved sida av skrivinga. I seinare år har han vore forfattar på heiltid. Kjartan Hatløy vart i 2012 nominert til Brageprisen i gruppa skjønnlitteratur for boka "Kjøkkendikt".
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30