Aktuelt frå kommunen

To fusingar til UKM-festival i Trondheim

Even Lygre  (UKM, Hordaland) - Klikk for stort bilete

Deltakarane frå Fusa markerte seg svært sterkt på UKM-festivalen for Hordaland. Onsdag vart det kunngjort at Zofia Konieczka (13) og Bo Mathys (15) skal vera med å representera Hordaland under UKM-festivalen for heile landet i Trondheim 24. - 28. juni.

UKM-festivalen i Bergen 15.-17. april på kulturhuset USF på Nordnes vart ein stor suksess med over 200 deltakarar. Fusa var veldig godt representert og ungdomane våre markete seg svært godt. Det ligg mykje informasjon om mønstringa ute på UKM sine nettsider. Du kan sjå filmar frå dei lokale sceneinnslaga her:

Anne Mari Sundfjord Gjøn (klassisk)
Kleppekompaniet (rock)
The Heads (teater/ dans)
Natasja Smørholm og Idar Rolland (pop)

På kunstutstillinga hadde Fusa to deltakarar og begge vart av juryen plukka ut til representera Hordaland på UKM-festivalen i Trondheim 24.-28. juni.

Zofia Konieczka på 13 år stilte ut bilete "Wonder". Medan Bo Mathys på 15 år hadde med eit foto med tittelen Geometry (sjå nedanfor). Du kan sjå ein oversikt over alle utsendingane frå Hordaland på UKM.no

Fusa hadde også med Camilla Bergesen (15) i arrangørstaben under festivalen. Alle deltakarane hadde tilbod om å vera med på ulike kurs og aktivitetar gjennom helga. Det var nytt av året at alle deltakarane måtte vera med på heile festivalen og det vart organisert overnatting på ein skule i området.

Tilbakemeldingane så langt er utelukkande positive og det kan sjå ut som UKM etter 31 år får ein ny vår.

Fusa kommune takkar alle for innsatsen og gratulerer dei to heldige som får reisa til Trondheim.

Geometry (Bo Mathys) - Klikk for stort bileteGeometry (Bo Mathys)

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30