Aktuelt frå kommunen

Tilskot til vern av kulturminne

Vindauga med geranium og kvite gardiner i Andersstova - Klikk for stort bilete

Eigarar av private verneverdige bygg i Fusa kan søkja Fusa kommune om tilskot til restaureringsarbeid. Søknadsfristen er 10. desember. Tilskotet skal nyttast i 2018 og 2019.

Hordaland fylkeskommune har lagt om ordninga for tilskot til verna kulturminne i Hordaland. Frå 2018 skal søknadane gå om kommunane og kommunane skal senda ei prioritert liste over lokale søknader til fylkeskommunen:

Søkandsfrist inn til Fusa kommune er 10. desember 2017. Eit mogeleg tilskot gjeld tildelingsåret 2018 og det påfølgande året 2019.

Ein kan berre søka tilskot til faste kulturminne som enten er:

  • Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova i reguleringsplan eller kommuneplan
  • Prioritert i kommunal kulturminneplan
  • Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi.

Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan som kurs og formidling.

Kva kan ikkje støttast:

  • Tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunal eller kommunal eige
  • Tiltak på freda kulturminne.
  • Ordinær vedlikehald og drift

Søknaden må innehalda informasjon om:

  • Eigartilhøve; namn, adresse og bankkonto for utbetaling av tilskot
  • Informasjon om objektet/ kva søknaden gjeld
  • Skildring av arbeidet/ tiltaket som er omsøkt
  • Detaljert kostnadsoverslag
  • Finansieringsplan
  • Gjennomføringsplan

De kan eventeuelt nytta søknadsskjema frå Hordaland fylkeskommune. Hugs at søknaden skal sendast til:

Fusa kommune, Kulturkontoret, boks 24, 5649 Eikelandsosen
post@fusa.kommune.no

Ta kontakt med vår sakshandsamar Erik Vangsnes telefon 56580153 eller epost erik.vangsnes@fusa.kommune.no dersom de har spørsmål.

Sjå informasjon hjå Hordaland fylkeskommune om ordninga

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.11.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30