Aktuelt frå kommunen

Tilskot til tilpassing av bustad

Tilpassing av tilkomst til bustad - Klikk for stort bileteTilpassing av tilkomst til bustad Har du behov for å tilpassa bustaden din? Då kan du søkja om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.

Å tilpassa ein bustad betyr å gjera han eigna, slik at du framleis kan bu i han, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Tilpassinga må vera tenleg, og behovet for tilskot blir vurdert i sin heilskap ut frå husstanden sin økonomiske situasjon på sikt.

Det finst både låne- og tilskotsordningar som kan gjera det mogleg å finansiera tilpassing av bustaden din. Kommunen sin sakshandsamar vil kunna hjelpa deg med å finna fram til kva som er mogleg for deg.

Kven kan få tilskot til tilpassing?

  • husstandar eller enkeltpersonar som har behov for tilpassing av bustaden
  • barnefamiliar har høg prioritet 
  • eldre som ønskjer å utføra førebyggjande tilpassingstiltak 

Kva kan du få tilskot til?

  • både enkle tiltak for å betra tilkomst til bustaden, og større ombyggingar for å tilretteleggja bustaden
  • både leigd og eigd bustad 

Slik søkjer du

Du søkjer tilskot til tilpassing i den kommunen du bur i. Kommunen kan hjelpa deg å fylla ut søknaden.

  • Bruk dette søknadsskjemaet.
  • Send det til Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller på e-post til post@fusa.kommune.no
  • Du kan søkja gjennom heile året, det er ingen søknadsfrist.

Du finn meir informasjon, m.a. om e-søknad, på Husbanken si nettside på denne linken

Anna finansiering

Du kan òg søkja om tilskot til utgreiing og prosjektering, for å kartleggja behov, kostnadar og kva som er mogleg. Utgreiing og prosjektering kan til dømes gjerast av arkitekt eller ein annan fagkyndig person. Dette tilskotet er ikkje økonomisk behovsprøvd.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30