Aktuelt frå kommunen

Tilskot til nye nærmiljøstiar

Utsikt over Skogseidvatnet og ski- og turanlegget på Bygdastølen - Klikk for stort bilete

Fusa kommune og Fusa turlag har fått kr 174 000 frå Gjensidigestiftelsen og Hordaland fylkeskommune til nærturstiar i Fusa. Lagsliv og FAU ved skular og barnehagar kan søkja om midlar frå denne potten til å tilretteleggja stiar i sitt nærmiljø. Søknadsfrist: 15. september

Søk om midlar!

Fusa kommune og Fusa turlag inviterer velforeiningar, skular, barnehagar og idrettslag og andre til å søkja om midlar til nærmiljøsti i dykkar nærmiljø. I denne omgang vil ein prioritera lette turar og stiar som tek utgangspunkt i bustadområde, og gjerne slik at barnehage og skule kan nytta stien. Ein kan leggja til rette heilt nye stiar eller oppgradera eksisterande stiar.

Pengane skal gå til:

  • Merkemateriell (måling, penslar m.m.)
  • Retningsskilt og piler
  • Turkort (infoark om stien)
  • Turbokkasse og turbok

Grunneigaravklaring og dugnad

Søkjarane må avklara og få løyve til å leggja til rette sti hjå grunneigar med skriftleg avtale.

Alt arbeid med rydding, merking og infomateriell er basert på dugnad. Tiltaket må følgja retningsliner i Merkehandboka, handbok for tilrettelegging av turruter i fjellet, i skogen og langs kysten.

Materiell og utstyr

Fusa kommune vil koordinera tinging av merkemateriell og utstyr. Dersom ein treng anna fysisk tilrettelegging som klopper, vandringar, bruer eller parkering, må ein lokalt freista å søkja andre finansieringskjelder om pengar til dette. Kulturkontoret kan gje rettleiing.

Turstiane vert lagt ut på www.ut.no med info og gps-spor.

Tiltaka må vera gjennomførte innan utgangen av september 2016.

Korleis søkja?

  • Søknad om lokale prosjekt må sendast til postkasse@fusa.kommune.no innan søknadsfristen 15. september 2015.
  • Søknaden må innehalda ei kort skildring av prosjektet og eit enkelt kart som syner turtraseen.

I utgangspunktet er det ein tursti for kvar bygd. Det kan då vera lurt å koordinera seg lokalt med dei som kan vera interessert i å samarbeida om tiltaket.

Meir informasjon

Om de har spørsmål, ta kontakt med Erik Vangsnes på tlf. 56 58 01 53, mobil 472 77 146 eller e-post: erik.vangsnes@fusa.kommune.no

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 11.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30