Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Fredrik Thorsen
Sigrid Brattabø Handegard overrekte ein symbolsk sjekk til ordførar Hans Vindenes og leiar i ungdomsrådet Siv Eikeland som bevis på at Fusa får tilskot til to nye kollektivtilbod fotograf Fredrik Thorsen

Tilskot til nye kollektivtilbod i Fusa

Fusa har fått kr 50 000 i tilskot frå Samferdsledepartementet til to tiltak som skal betra kollektivtilbodet til folk i Fusa. Statssekretær i Samferdsledepartementet Sigrid Brattabø Handegard, heimehøyrande i Jondal, kunngjorde vedtaket om løyvinga i møte med ordførar Hans Vindenes og leiar i ungdomsrådet Siv Eikeland.

Ungdomsrute

Det eine tiltaket er ei sokalla tingingsrute som skal gjera det lettare å ta seg fram mellom Os og Hatvik på kveldstid og i helger. Det er gode bussamband mellom Bergen og Os, men eit relativt dårleg tilbod frå Os til Hatvik. Dette har ungdomsrådet vore oppteken av, og no vil ein prøva ut eit drosjetilbod på denne strekninga, som skal gjera det enklare for folk i Fusa å ta del i fritidstilbod i Os og Bergen på kveldar og i helger.

Aktivitetstransport for eldre

Det andre tilbodet ein har fått pengar til er eit supplement til busstilbodet inn til Eikelandsosen frå bygdene. Eining for rehabilitering har planar om frisklivstilbod for folk som bur i eigen heim, både ved Fusa bu- og behandlingssenter og ved Fusa symjehall. Mange kan då ta buss inn til Eikelandsosen, men det er eit stykke å gå frå busshaldeplassen til der aktiviteten skjer. Med pengane frå samferdsledepartementet kan ein då setja inn drosjetransport for å gjera tilboda betre tilgjengelege.

Ros til ungdomsrådet

For begge tilboda gjeld det at dei kan gjera viktige bidrag til å skapa trivsel og gode lokalmiljø. I møtet med statssekretæren la ordføraren vekt på Fusa har eit oppegåande ungdomsråd og at dette var eit godt døme på deira initiativ og engasjement. Når pengane no er i boks, vil ungdomsrådet sjå på detaljane i ordninga og freista å få ho etablert så raskt som råd.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.03.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30