Aktuelt frå kommunen

Tilskot til festivalar og større arrangement 2019

Vinnesfestivalen - Klikk for stort bilete

I budsjettet for 2019 har Fusa kommunestyre sett av ei løyving på kroner 150.000 til ei ny tilskotsordning for lokale festivalar og større kulturarrangement i Fusa. Søknadsfrist er 20. mars og fortløpande etter det, så langt potten rekk.

Tilskotsordninga er retta inn mot å styrka kunst- og kulturformidlinga. Med større arrangement meiner vi her større enkeltarrangement eller fleire arrangement som er knytt saman i ein serie eller helgeprogram.
 
Det er viktig å stimulera til at ein i Fusa har gode kulturarrangement gjennom året, og kanskje særleg i sommarhalvåret. Festivalar og kulturdagar er gode møteplassar i nærmiljøa og skapar liv og røre i bygdene våre. Det er eit stort pluss både for dei som bur her og for tilreisande. Eit synleg og attraktivt kulturtilbod er òg viktig for å gjera Fusa attraktivt for tilflytting. Dette vonar vi at tilskotsordninga skal hjelpa til med.
 
Kommunestyret har vedteke eigne retningsliner for tilskotsordninga: 
 

Retningsliner for tilskot til festivalar og større arrangement 2019

 
1. Mål: betra både kvalitet og kvantitet for større kultur- og festivalarrangement i Fusa gjennom året
 
2. Strategi: kommunalt tilskot skal gjera det mogeleg å skapa nye tilbod og fornya eksisterande tilbod. Fokus skal vera på å styrka kunst- og kulturformidlinga.
 
3. Målgruppa: lag og organisasjonar                             
 
4. Tilskotsordninga vert kunngjort på heimesida, ved lysing i lokalavisa og aktiv bruk av sosiale media.
 
5. Søknadsmåte: digitalt søknadsskjema
 
6. Budsjettramma: kroner 150.000
 
7. Krav til søkjar: søkjar må legga fram budsjett for arrangementet saman med søknad og rekneskap i etterkant før utbetaling
 
Søkjar må akseptera følgjekort som gjev gratis inngang for følgje for dei som treng det.
 
8. Spesielle føringar i 2019: tiltak som fremjar kontakt og kulturutveksling mellom Os og Fusa inn mot Bjørnafjorden kommune vert prioritert
 
9. Søknadsfrist: 20. februar og deretter fortløpande så lenge pengane rekk
 
10. Delegert fullmakt:  rådmannen får fullmakt til å lysa ut og fordela tilskot. Handsaminga vert då enkeltvedtak som kan klagast på. Klageinstans vert kommunal klagenemnd.
 

Søknadsinformasjon

 
Søknad skal fremjast som eit brev. I søknaden må de visa korleis søkjar følgjer opp dei føringar som er gjort i retningslinene. I tillegg må det gå fram av søknad:
  • Adresse og kontaktinformasjon til søkjar
  • Kort skildring av tiltaket
  • Organisasjonsnummer
  • Bankkontonummer
  • Søknadssum
Søknad skal sendast til Fusa kommune, kulturkontoret, Boks 24, 5649 Eikelandsosen. E-post: post@fusa.kommune.no. Spørsmål kan rettast til kulturleiar Erik Vangsnes.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 18.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30