Aktuelt frå kommunen

Tilskot til etablering og tilpassing av bustad

Leikehus og myntar - illustrasjon til bustadtilskot. Foto. - Klikk for stort bilete

Fusa kommune får kvart år tildelt tilskotsmidlar frå Husbanken til vidare formidling til innbyggjarane. Du kan søkja Sosialtenesta om slikt tilskot.   

Tilskot til tilpassing og etablering i bustad skal vera verkemiddel for å skaffa og sikra eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. 
 
Tilskot til tilpassing av bustad
 
Ved tildeling av tilskot vert det lagt vekt på:
  • at tilpassingane skal gjera bustaden eigna over tid for den som søkjer
  • at det vert lagt opp til ein nøktern standard
Tilskotet vert gjeve etter økonomisk behovsprøving og etter ei heilskapleg vurdering. Det er også mogleg å søka tilskot om ein bur i utleigebustad, om tilpassingane er avklart med huseigar.
 
Å tilpassa bustad handlar om å gjera den betre eigna for den eller dei som bur der, slik at dei kan behalda bustaden og halda fram med å vera mest mogleg sjølvstendige i eigen heim trass i nedsett funksjonsevne.
 
I visse tilfelle vert det også gjeve tilskot til tilpassing av bustad for å kunna utbetra bustaden til ein høgare standard enn tidlegare, hovudsakleg med fokus på ENØK-tiltak som til dømes etterisolering, skifting av vindauga, installering av varmepumpe osb. 
 
Tilskot til etablering i bustad
 
Tilskot til etablering i bustad kan ein søkja som ein del av ein finansieringsplan for kjøp eller refinansiering av bustad.
  • Tilskot til etablering vert gjerne nytta for å supplera ein del av kravet til eigenkapital ved bustadkjøp og ofte i kombinasjon med startlån.
  • Ved refinansiering vert det gjerne nytta som ein del av eit heilskapleg arbeid i kombinasjon med gjeldsrettleiing og i samarbeid med kreditorar og bank.
  • Tilskotet er berekna på personar som er økonomisk vanskelegstilte.
Husbanken og kommunen krev pantesikkerheit i dei sakene der det vert gjeve tilsegn om bustadtilskot på over kr 40 000. Tilskot på over kr 40 000 kan krevjast attende eller verta gjort rente- og avdragspliktig om bustaden vert seld i tilskotsperioden, eller vert nytta til andre ting enn avtalt.
 
Andre tilskot
 
Det er òg mogleg å søkja Husbanken om tilskot til prosjektering og utgreiing. For meir informasjon om tilskotsordningane sjå Husbanken si heimeside.
 
Søknad om tilskot til tilpassing og etablering i bustad kan sendast til:
  • Fusa kommune, Helse, familie og velferd, Sosialtenesta v/Synne Stagrim Håve, Pb.24, 5649 EIKELANDSOSEN
Vedlegg til søknad bør vera:
  • Utfyllande likning
  • Kostnad på prosjektet det vert søkt midlar til
  • Eventuell legeerklæring
Handsaming
 
Søknaden vert handsama av Sosialtenesta i Fusa kommune. Sakshandsaminga er omfatta av forvaltningslova. Ved å skriva under på søknaden, samtykkjer du i at kommunen kan innhenta informasjon som er nødvendig i saka, til dømes utskrift av siste likning.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.08.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30