Aktuelt frå kommunen

Tilskot til etablering i eigen bustad

Etablering i eigen bustad - ill.teikning - Klikk for stort bilete Personar som ikkje klarer å betena eit startlån som er stort nok til å finansiera ein egna bustad, kan få tilskot til etablering.

Tilskot til etablering skal bidra til å skaffa eigna bustadar for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tilskotet skal også sikra at vanskelegstilte kan bli buande i ein eigna bustad. Kommunen tildeler tilskotet. 

Startlån og tilskot kan ein få ved kjøp av ny eller brukt bustad, og til refinansiering. Tilskot til etablering blir vanlegvis brukt som toppfinansiering, når ein bustad skal finansierast. Kor mykje tilskot som blir innvilga, er avhengig av husstanden sin økonomi, og kor stort startlån husstanden kan betena.

Kven kan få tilskot?

  • Enkeltpersonar/husstandar med varig låg inntekt, og som ikkje er i stand til å betena fullt lån til eigna bustad, kan få tilskot til etablering.
  • Ordninga er økonomisk behovsprøvd. 

Ta kontakt med kommunen dersom du vil søkja

Det er kommunen som handsamar søknaden. Husbanken tilrår at du så tidleg som mogleg i prosessen tek kontakt med ein sakshandsamar i kommunen dersom du har behov for tilskot og/eller startlån.

Der er Nav Fusa som tek i mot søknad om startlån, medan det er Sosialtenesta som handsamar søknader om tilskot til etablering.

Slik søkjer du

  • Kommunen kan hjelpa deg med å fylla ut søknaden.
  • Bruk dette søknadsskjemaet.
  • Du kan søkja gjennom heile året, det er ingen søknadsfrist.
  • Sakshandsamar vil vurdera økonomien din, for å vera sikker på at du også etter bustadkjøpet har nok midlar til livsopphald. 

Vi tilrår at du ikkje inngår nokon bindande kontrakt om kjøp eller utbetring før kommunen har godkjent bustaden for tilskot og/eller lån. Når du har skrive under på søknaden, gjev du samstundes fullmakt til kommunen (og eventuelt Husbanken) til å innhenta kredittopplysningar.

For informasjon om korleis du kan søkja elektronisk (e-søknad), sjå Husbanken si nettside på denne lenka.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.02.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30