Aktuelt frå kommunen

Tilskot mot barnefattigdom

Badeliv i Vinnesholmen - Klikk for stort bilete

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har lyst ut ei tilskotsordning mot barnefattigdom med søknadsfrist 8. desember der det for 2018 er opna opp for søknader frå Fusa kommune. Nasjonalt er det sett av 269 mill kroner til å gje eit inkluderande ferie- og fritidstilbod i norske kommunar. Fusa kommune håper det skal gje eit kulturløft til dei som treng det som mest!

Mål med ordninga

Aktørar i Fusa kan søkja om tilskota som har som mål å motverka og/eller dempa konsekvensene av barn og ungdom veks opp i familiar med låge inntekter. Tilskota skal vera til hjelp for å få fleire barn og ungdomar til å delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. 
 
Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt råd ha låge eller ingen kostnader for deltakarane. I tillegg er det eit mål at tiltaka bidreg til eit meir inkluderande fritidsmiljø.
 

Kva kan ein søkja om tilskot til?

Det kan søkjast om tilskot til:
a) kultur- og fritidsaktivitetar - tiltak som bidreg til at barn og ungdom råka av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar 
b) ferieaktiviteter  - tiltak som bidreg til at barn og ungdom råka av fattigdomsproblem og deira familiar kan delta i ferieaktiviteter 
c) alternative meistringsarenaer - tiltak som bidreg til at barn og ungdom råka av fattigdomsproblem tek del i alternative meistringsarenaer

Heilt konkret kan dette vera alt frå ferieklubb for barn, ferietilbod for ungdom, idrettsskule eller musikkkurs o.l.

Tilskotet kan nyttast til driftsutgifter i gjennomføring av tiltak, også lønsutgifter. Det vert ikkje gjeve tilskot til å dekka utgifter med medlemskontingentar. Sjå regelverk.
 

Kven kan søkja?

Offentlige instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkja om midlar. Privatpersonar kan ikkje søkja om tilskot. Det er ei føremon om det er etablert eit samarbeid mellom frivillig- /sivil- og offentleg sektor i planlegging og gjennomføring av tiltak. Sjå nasjonal utlysing.
 

Økonomi og eigenfinansiering

Det er stilt krav om 20 % eigenfinansiering for kommunar, slik at ein søknad om kr 100.000,- i tilskot krev at kommunen stiller med kr 20.000,- i delfinansiering. For frivillige organisasjonar er kravet 5 % eigenfinansiering. Sjå regelverk.

Rapportering

Søknadsåret for prosjekt vert rekna frå 1. mars 2018 til 1. mars året etter.

Søknadsskjema

Søkjar skal nytta nasjonalt digitalt søknadsskjema. Søknaden går direkte til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. 
 

Informasjon og rettleiing

Fusa kommune har lokalt ei koordinerande rolle i arbeidet mot barnefattigdom. For å få meir informasjon og rettleiing kan interesserte ta kontakt med:

  • einingsleiar Anne Skagseth 56580177 - epost: anne.skagseth@fusa.kommune.no
  • kulturleiar Erik Vangsnes 56580153 - epost: erik vangsnes@fusa.kommune.no

Lenker

Nasjonal utlysing

Rettleiar frå direktoratet 

Regelverk frå direktoratet

Digitalt søknadsskjema

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 04.12.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30