Aktuelt frå kommunen

Tilbod frå Etablerersenteret

Logo Etablerersenteret - Klikk for stort bilete

Business Region Bergen(BRB) er lagt ned, og Etablerersenteret er ein del av Hordaland fylkeskommune frå 1. desember 2016. Etablerersenteret tilbyr framleis etablerarkurs, rettleiing/rådgjeving og nettverkstreff til gründarar, entreprenørar og bedrifter i oppstartfase, både på norsk og engelsk.

 

Kva Etablerersenteret kan tilby 

1-2-3 Etablering – 3 timars kurs – Her lærer ein om det formelle som må på plass for å starta eiga bedrift; valg av selskapsform, risiko, skatt, moms, registering, krav etc. Kurset kostar kr 300,- å ta einskildvis.
 
Etablerarkurs – to heildagskurs – Her går ein djupare inn i forretningsplanen og jobbar med forretningside og forretningsmodellering på dag 1. Dag 2 jobbar vi med økonomi og skatt. Deltakarane får heimelekse frå dag 1 til dag 2 der dei må presentera sin "elevator pitch".  Kurset kostar kr 800,- å ta einskildvis.
 
Økonomikurs – heildagskurs – Her speler deltakarane seg til økonomiforståing gjennom spelet Økonomi Illustrator®. Deltakarane blir sett i grupper og jobbar saman om eit gjeve case. Gruppa fungerer som eit styre for bedrifta som dei følgjer i fire år. Saman må dei ta tøffe strategival/avgjerder om bedrifta sin økonomi og fremtid; skal dei investere i nytt produksjonsutstyr? Betala ned lån? etc. I tillegg lærer deltakerne å setja opp resultatrekneskap og balanse, og rekna ut nøkkeltal. Vi ser at deltakarane dreg kunnskapen frå dette økonomikurset over til eigne gründerprosjekt, og at dei har stor overføringsverdi.
Kurset kostar kr 700,- å ta einskildvis.
 
Etablerersenteret tilbyr også ein kurspakke med alle tre kursa, den kostar kr 1300,-.
 
Etablerarsenteret tilbyr to kurs på engelsk; 1-2-3 Start Up (engelsk versjon av 1-2-3 Etablering) og Financial Illustrator (engelsk versjon av Økonomikurset).
 
Det vert også gjeve individuell rettleiing/ rådgjeving av forretningsutviklarane på Etablerersenteret.
 
Det blir arrangert  nettverkstreff, sokalla Treffpunkt, månadleg på norsk og fire gonger i året på engelsk (Link Up @ The Library). Tema her varierer. Siden ein er bransjenøytral og alle er velkomne, er tema slike som kan interessera alle, uavhengig av bransje og livssyklus.
 

Nye tilbod

Etablerersenteret har i år som i fjor søkt om midlar fra Integrering og mangfolds direktoratet (IMDI) om å halda Business Factory – Spesiallaga kurs for ikkje-norsk gründarar (internasjonal bakgrunn). Senteret sender ut mer informasjon når ein har fått svar på søknaden.

Etablerarfond

Det er satt av penger til nytt Etablerarfond (2,6 millioner) i 2017. Det kjem meir informasjon om dette seinare.

Kurs utanfor Bergen

Etablerersenteret er jo nå eit spleiselag og ønskjer å vera eit tilbod til alle eigarane. Dei har tidlegare hatt kursa 1-2-3 Etablering og Økonomi i andre kommuner enn Bergen. For å gjennomføra kurs andre stadar må det vera minimum 10 deltakarar. Etablerersenterert kan også samarbeida om nettverkstreff.
Vårprogram etablerersenteret - Klikk for stort bilete
 
 
 
 
 
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 13.03.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30