Kommunale avgifter vert fakturerte to gonger i året. 1. termin hadde i år forfall 25.05. Fakturaer for dei kommunale avgiftene for andre termin er no sende ut og kan ventast i posten med det første. Forfallsdatoen er 25.09.13.
Terminar og forfall
-
Vatn og avløp: Forbruksgebyr for vatn og avlaup for alle abonnentane forfall i år til betaling 25. mai. Abonnementsgebyr forfell til betaling 25. september.
-
Slamtømming: Gebyr forfall til betaling med ein ¼-part 25. mai og ¼-part 25. september for dei eigedommane som får utført tømming annakvart år. For dei eigedommane som får utført tømming kvart fjerde år, vart det fakturert ¼-part med forfall 25. mai i år.
-
Feiing og branntilsyn: Feiing vert normalt utført kvart 2. år (ekstrabetaling for dei som må ha feiing oftare). Tilsyn vert utført kvart 4. år. Gebyret forfell til betaling 25. september kvart år.
Meir informasjon om betalingssatsar for 2013 finn du i gebyrregulativet