Aktuelt frå kommunen

Tid for betaling av kommunale avgifter

Drikkevatn - Klikk for stort bilete Den andre fakturaen for kommunale avgifter i 2017 er sendt ut. Fakturaen gjeld vatn, avløp og slamtømming. Nytt i år er at fritidsbygg/bygg med høve for overnatting får gebyr for feiing og branntilsyn.

 

Bakgrunnen for dette er ei ny forskrift om brannførebygging med verknad frå 01.01.2016. Dette inneber at fritidsbustader/bygg med høve for overnatting skal omfattast av feie- og tilsynstenester og at regelverket til branntryggleik vil vera lik som for heilårsbustader. Jf. Forskrift om brannforebygging https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-17-1710

Årleg pris for feiing: kr 89,50  (kr 111,88 inkl.mva)
Årleg pris for branntilsyn: kr 210,- (kr 262,50 inkl.mva)


Det vert feiing og tilsyn av fritidseigendommar, fjellhytter m.m. i Fusa kommune med feiing og tilsyn kvart 6 år. Frekvensen kan bli endra etter resultat frå første runde med tilsyn/feiing. Ein betalar feie/tilsynsavgift fordelt på 6 år. For å klara å gjennomføra feiing og tilsyn har vi som mål å nå over alle hytter/fritidseigedomar innan 3 år. Først då blir feie/tilsynsavgifta og hyppigheita endeleg bestemt.

Terminar og forfall

Kommunale avgifter vert fakturerte to gonger i året. Den første fakturaen har forfall 25. mai og den andre 25. september. 

  • Vatn og avløp: Forbruksgebyr for heile året for vatn og avløp for alle abonnentane forfell til betaling 25. mai. Abonnementsgebyr for heile året forfell til betaling 25. september.
  • Slamtømming: Gebyr forfell til betaling med ein ¼-part 25. mai og ¼-part 25. september for dei eigedommane som får utført tømming annakvart år. For dei eigedommane som får utført tømming kvart fjerde år, vert det fakturert ¼-part med forfall 25. mai i år.

Meir informasjon om betalingssatsar for 2017 finn du i gebyrregulativet

Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 14.09.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30