Aktuelt frå kommunen

Tid for betaling av kommunale avgifter

Slamtømming - Klikk for stort bilete

Den første fakturaen for kommunale avgifter i 2015 kjem i posten i desse dagar. Fakturaen gjeld vatn, avlaup og slamtømming. Sjå gebyrregulativet (PDF, 326 kB) for detaljert informasjon.
Kommunale avgifter vert fakturerte to gonger i året. Den første fakturaen har i år forfall 25. juni og den andre 25. september. 
 
Terminar og forfall
  • Vatn og avløp: Forbruksgebyr for heile året for vatn og avlaup for alle abonnentane forfell i år til betaling 25. juni. Abonnementsgebyr for heile året forfell til betaling 25. september.
  • Slamtømming: Gebyr forfell til betaling med ein ¼-part 25. juni og ¼-part 25. september for dei eigedommane som får utført tømming annakvart år. For dei eigedommane som får utført tømming kvart fjerde år, vert det fakturert ¼-part med forfall 25. juni i år.
Meir informasjon om betalingssatsar for 2015 finn du i gebyrregulativet (PDF, 326 kB)
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30