Aktuelt frå kommunen

Tid for betaling av kommunale avgifter 2. termin 2018

Drikkevatn - Klikk for stort bilete

Den andre fakturaen for kommunale avgifter i 2018 er sendt ut. Fakturaen gjeld feiing, branntilsyn, vatn, avløp og slamtømming. Sjå gebyrregulativet  for detaljert informasjon. Kommunale avgifter vert fakturerte to gonger i året. Den første fakturaen har forfall 25. mai og den andre 25. september. 

Terminar og forfall

  • Vatn og avløp: Forbruksgebyr for heile året for vatn og avløp for alle abonnentane forfell til betaling 25. mai. Abonnementsgebyr for heile året forfell til betaling 25. september.
  • Slamtømming: Gebyr forfell til betaling med ein ¼-part 25. mai og ¼-part 25. september for dei eigedommane som får utført tømming annakvart år. For dei eigedommane som får utført tømming kvart fjerde år, vert det fakturert ¼-part med forfall 25. mai i år.
  • Feiing og tilsyn: Gebyret forfell til betaling 25. september kvart år. (Døme: Samla årleg gebyr for feiing og tilsyn for bustadhus vert då normalt kr 780,94 inkl mva for bustadhus med eitt pipeløp m/eldstad –feiinga vert utført kvart 2. år og tilsyn kvart 4. år. For fritidshus med feiing og tilsyn kvart 6. år vert årleg gebyr kr 400,83 inkl mva.)

Meir informasjon om betalingssatsar for 2018 finn du i gebyrregulativet.

 

 

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 04.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30