Aktuelt frå kommunen

Tid for å søkja plass i kulturskulen for 2016/17

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

3. april er fristen for å søkja plass i kulturskulen i Fusa. Bruk elektronisk søknadsskjema.

Tilbod

Fusa kulturskule gjev opplæring individuelt og i små grupper på ulike musikkinstrument. Tilbodet omfattar for tida opplæring på følgjande instrument: 

  • piano
  • keyboard
  • gitar
  • bass-gitar
  • ukulele
  • slagverk
  • hardingfele

Undervisninga er desentralisert til skulebygg rundt om i kommunen.

Kulturskulen har òg eit tilbod til dei aller minste: "Musikk i livets begynnelse".

Meir informasjon finn du på sida til Fusa kulturskule.

Korleis søkja?

Fusa kulturskule er organisert saman med Os kulturskule og administrert frå Os. 

  • Bruk elektronisk søknadsskjema på Os kommune si heimeside.
  • Er du ny elev? Søk om plass.
  • Er du alt elev? Då må du registrera deg på nytt - gå til innloggingssida.
  • Søknadsfrist/frist for re-registrering: søndag 3. april.

Ta kontakt med Fusa kulturskule v/rektor Christian Breistein - tlf 56 57 52 48, e-post: cbr@os-ho.kommune.no dersom du treng hjelp og rettleiing til å fylla ut søknadsskjemaet eller har andre spørsmål! 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 14.03.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30