Aktuelt frå kommunen

Tid for å søkja om plass i kulturskulen

Bjørnafjorden kulturskule - Klikk for stort bilete Vil du læra å spela eit instrument, eller bli med på ei dansegruppe i Bjørnafjorden kulturskule? Søknadsfristen er 1. april. Det gjeld både for nye elevar, og for noverande elevar som vil halda fram til hausten.

Bjørnafjorden kulturskule

Frå 1. januar 2019 vart Fusa og Os kulturskular slått saman til Bjørnafjorden kulturskule. Alle tilboda i kulturskulen er opne for søkjarar frå begge sider av fjorden i komande Bjørnafjorden kommune. Prisane på kursa i kulturskulen blir òg dei same for elevar i Fusa og Os frå og med skuleåret 2019/2020.

Det vert undervisning på begge sider av fjorden. Ein del gruppetilbod og instrumentalundervisning finst likevel førebels berre i Os, så det kan bli litt reiseveg til undervisninga for nokre elevar, opplyser rektor Christian Breistein.

Søknad og re-registrering

Nye elevar må søkja om plass. Noverande elevar, som ønskjer å halda fram som i elevar i kulturskulen til hausten, må re-registrera seg. Fristen for begge er 1. april.

Du kan logga deg på ved hjelp av bank-id, feide eller brukarnamn og passord.

Også føresette er registrerte som brukarar og kan såleis logga seg på og gjera endringar for alle dei barna dei er føresette for.

Melding om opptak kjem i månadsskiftet juni/juli.

Meir informasjon

Du finn informasjon om Bjørnafjorden kulturskule både på Fusa si heimeside og Os si heimeside.

Har du spørsmål? Ta kontakt med kulturskulen

  • på e-post: cbr@os-ho.kommune.no eller tmk@os-ho.kommune.no
  • på telefon: rektor Christian Breistein - tlf. 56 57 52 48, mobil 977 77 341
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30