Aktuelt frå kommunen

Tid for å søkja barnehage- og SFO-plass

Vinnestur - Klikk for stort bilete

1. mars er felles søknadsfrist for plass i barnehage og skulefritidsordning (SFO) i Fusa kommune for barnehage- og skuleåret 2018-2019. 

Søknadskjema finn du her.

Dei som står på venteliste eller har søkt om plass i desse dagar har ein frist til 22. februar til å oppdatera eksisterande søknad, bruk knappen "endre søknad", gjer du ikkje dette vil søknaden bli sletta.

Barnehage

Hovudopptaket for barnehage gjeld både dei kommunale barnehagane og den private barnehagen på Vinnes. Meir informasjon om barnehagane finn du på sida om barnehagetilbodet i Fusa kommune.

SFO

Det kjem til å vera skulefritidsordning i kommunen frå skulestart i august. Tilbodet gjeld elevar frå 1.-4. klasse. Meir informasjon om SFO finn du på sida om skulefritidsordningane (SFO) i Fusa.

Ta kontakt med barnehage/skulen om du treng hjelp og rettleiing til å fylla ut søknadsskjemaet eller har andre spørsmål!

Publisert av Heidi Chatrine Bergesen. Sist endra 09.02.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30