Aktuelt frå kommunen

Tid for å søkja barnehage- og SFO-plass

Arkivfoto frå Søre Fusa - Klikk for stort bileteArkivfoto frå Søre Fusa

1. mars er felles søknadsfrist for plass i barnehage og skulefritidsordning (SFO) i Fusa kommune for barnehage- og skuleåret 2017-2018. Du finn elektroniske søknadsskjema til dei ulike tilboda her på heimesida. Foreldre til barn som skal ta til i 1. klasse hausten 2017, ver venleg ta kontakt med skulen barnet skal gå på innan 1. mars.

Barnehage

Hovudopptaket for barnehage gjeld både dei kommunale barnehagane og den private barnehagen på Vinnes. Meir informasjon om barnehagane finn du på sida om barnehagetilbodet i Fusa kommune.

SFO

Det kjem til å vera skulefritidsordningar ved alle dei kommunale barneskulane i kommunen frå skulestart i august. Tilbodet gjeld elevar frå 1.-4. klasse. Meir informasjon om SFO-tilbodet finn du på sida om skulefritidsordningane i Fusa.

Ta kontakt med barnehage/SFO om du treng hjelp og rettleiing til å fylla ut søknadsskjemaet eller har andre spørsmål!

Søknadsskjema:

Søknad om barnehageplass

Søknad om SFO-plass

 

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30