Aktuelt frå kommunen

Tid for å betala kommunale avgifter

Illustrasjonsfoto. - Klikk for stort bilete

Faktura for kommunale avgifter for andre termin 2015 er på veg i posten. Denne gongen gjeld det abonnementsavgift for vatn og avlaup, gebyr for slamtømming, feiing og branntilsyn. Sjå gebyrregulativet for detaljert informasjon. 

Kommunale avgifter vert fakturerte to gonger i året. 1. termin hadde i år forfall 25.06. Fakturaer for dei kommunale avgiftene for andre termin er no sende ut og kan ventast i posten med det første. Forfallsdatoen er 11.11.2015.

Terminar og forfall

  • Vatn og avløp: Forbruksgebyr for vatn og avlaup for alle abonnentane forfall i år til betaling 25. juni. Abonnementsgebyr forfell til betaling 11. november.
  • Slamtømming: Gebyr forfall til betaling med ein ¼-part 25. juni og ¼-part 11. november for dei eigedommane som får utført tømming annakvart år. For dei eigedommane som får utført tømming kvart fjerde år, vart det fakturert ¼-part med forfall 25. juni i år.
  • Feiing og branntilsyn: Feiing vert normalt utført kvart 2. år (ekstrabetaling for dei som må ha feiing oftare). Tilsyn vert utført kvart 4. år. Ein betaler gebyr årleg, og i 2015 er forfallsdato 11. november.

Meir informasjon om betalingssatsar for 2015 finn du i gebyrregulativet

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30