Aktuelt frå kommunen

Tenestene våre på topp i Hordaland

Kommunebarometeret Hordaland 2013 - Klikk for stort bilete Kommunebarometeret er ei rangering av tenestetilbodet i kommunane. Det førebelse barometeret for 2013 (PDF, 456 kB), som er basert på KOSTRA-tal frå fjoråret, syner at Fusa framleis toppar lista i Hordaland. På landsbasis har vi gått frå nr 13 til 32.

Rangering, ikkje vurdering

Kommunebarometeret er utarbeidd av Kommunal Rapport. Målet er å gje eit oversiktleg bilete av korleis kommunen sine nøkkeltal er i forhold til resten av Kommune-Noreg. Det er viktig å understreka at Kommunebarometeret er ei rangering av kommunen sine tenester i høve til andre kommunar, ikkje ei vurdering av om tenesta er god nok eller ikkje. Rangeringa til kvar kommune vert gjort etter at det er teke omsyn til inntektsnivå.

Karakterar

Karakterfordelinga er slik: 1,0 er dårlegast, 6,0 er best. Dei 5 % med best verdi på nøkkeltalet, får karakteren 6,0. Dei 5 % med dårlegast verdi, får 1,0. Kommunar med verdi mellom 1 og 6 får karakter ut frå kor nær dei er dei beste.

Dei beste i Hordaland 2013 - Klikk for stort bileteDei beste i Hordaland 2013

 

 

Gode nøkkeltal

Dei endelege KOSTRA-tala er klare i juni. Difor er tala så langt førebelse. I kommunebarometerrapporten for Fusa 2013 (PDF, 456 kB), som er laga på bakgrunn av desse førebelse tala, heiter det: "I totaltabellen justerer vi noe for kommunens litt lave inntektsnivå, men selv uten den justeringen er nøkkeltallene gode."

Fusa si plassering på Kommunebarometeret 2010-2013 - Klikk for stort bileteFusa si plassering på Kommunebarometeret 2010-2013

Det er særleg tenestene pleie og omsorg, sosialhjelp og barnevern som plasserer Fusa høgt på tabellen. Her er tala gode målt mot resten av landet. Av dei viktigaste sektorane er det berre innan økonomi og "enhetskostnader" at kommunen verkeleg hamner eit stykke ned på nederste halvdel.

Dårlegare grunnskuletal

Mellom dei andre store og viktige sektorane er grunnskule. Her syner den førebelse rapporten at karakteren vår er gått ned frå 5,2 i 2012 til 4,5 i år. I rangeringa er Fusa i 2013 plassert på 10. plass i fylket mot 8. plass i fjor, og på landsbasis ligg Fusa på 135. plass mot 63. plass i fjor. 

Nasjonale prøvar og grunnskulepoeng (= avgangskarakterar i 10. kl) vert vekta høgast av grunnskuletala. Fråfall i vidaregåande skule er òg tillagt stor vekt. På det siste punktet får Fusa toppkarakter. Vi har svært lite fråfall, og rapporten stiller spørsmål med kva Fusa gjer som andre kan læra av.

Også på grunnskulepoeng er scoren høg. Det som trekkjer ned er snittet på nasjonale prøvar på 8. og 9. trinn i tillegg til den høge prosentdelen lærarar utan godkjend utdanning, særleg på ungdomstrinnet.

OBS OBS for økonomitala

I den førebelse rapporten for Fusa, vert det understreka at kommunen må ta økonomiske grep:

"Korrigert netto driftsresultat var elendig i fjor, og sett over tid driver kommunen med et solid underskudd. Slik kan det ikke fortsette. Disposisjonsfondet er nesten radert ut fra 2009 (2010-barometeret) og fram til i fjor. Kommunen har ikke mulighet til å dekke utgiftsføringen av oppsamlet premieavvik via fond, den må i hovedsak kutte i utgifter slik bildet er nå."

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.05.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30